Me har eit syn på barn og deira unike personlegdom som me ynskjer å ivareta ein og ein, men og som del av fellesskap og gruppe. Me har eit heilskapleg syn på barn og ser det som avgjerande at barn får utvikle seg i sitt eige tempo. Me ser på barn som eit fullverdig menneskje her og no (med dei kjensler, tankar og meiningar dei har) - ikkje noko dei skal bli!
Barna må trivast, kjenne seg inkludert og ha vener. Me ynskjer eit naturleg læringsmiljø for barn der dei får tid til barndom, tid til samtale, tid glede, humor, lek og læring. Me trur på ei praktisk tilnærming til læring, der barna får opplevingar og erfaringar som vil byggje ny og djupare kunnskap og ferdigheiter.
Me er opptekne av kvalitet!
Tiltak for å ivareta kvalitet i barnehagen og halde oss oppdatert: Delta på kommunale- og regionale kompetanseløft, aktuelle kurs, oppdatere oss på nye forskrifter og satsingsområde for barnehage, samarbeid med HVL om forsking og undervisning/fagartiklar, vidareutdanning, ta i mot studentar frå Høgskulen, og delta aktivt med barnehageutvikling lokalt og regionalt.
Mange av dei tilsette har vore gjennom ei kompetanseheving i høve dei sju fagområda. Denne kompetansen dannar grunnlaget for kven og korleis ein møter nye faglege utfordringar og impulsar ved at ansvaret blir fordelt ut i frå dei tilsette sin spisskompetanse. Slik sikrar vi god kvalitet i alle utviklingsarbeid.