Askedalen Barnehage AS
  • Heim
  • Om oss
  • Tema og samarbeid
  • Tilsette
  • Kontakt oss
  • Meir
    • Robuste barn og unge
    • Rammeplan for barnehagar
    • Barnehageloven
    • eBarnehage

Tema og
​samarbeid

Barnehagen jobbar med gjennomgåande tema utifrå det vi ser er bra læring for gruppa og utifrå barna sine interesser. Døme på tema vi har hatt er Astrid Lindgren, Thorbjørn Egner, Alf Prøysen og Disney. Temaet er knytt opp mot dei ulike fagområda våre. Ulike aldersgrupper arbeider fram eigne framsyningar - progresjon. Bøker, forteljingar, kunst og handverk, lydbøker, song, film og rollespel er døme på prosessaktiviteter innan tema. Barna får øve seg på samarbeid, kommunikasjon, problemløysing, kreativitet og å vere del av eit fellesskap. Dei ulike aldersgruppene vel ut sine tema basert på interesser og motivasjon

​Livsmeistringsprosjektet "Robuste barn og unge"

​Barnehagen er stolt over å vere ein del av livsmeistringsprosjektet "Robuste barn og unge". Dette initiativet er viktig for å gje barna dei verktøya dei treng for å utvikle god psykisk helse, styrkje sosiale ferdigheiter og møte utfordringar med motstandskraft. Gjennom leik og læring legg vi grunnlaget for trygge og robuste barn som vil stå godt rusta til å handtere livets små og store oppgåver.
Les meir

Å "duggle"

Me finn ofte fenomen i våre omgivnader me gjerne vil utforske. Barna er vande med at vi kan google for å finne svar. me prøver å vri denne trenden over til å ta i bruk heile sanseapparatet, observasjonsevnene og både logisk og filosofisk tankegang. Uttrykket har me laga sjølv, med utgangspunkt i den velkjende pedagogiske læresetningen "Learning by Doing". Til dømes sjå, lytte, kjenne, samanlikne, telje og mykje meir.

Samarbeid med Jakt og fiskelaget

​Alle barnehagane i Leikanger er i eit flott samarbeidsprosjekt med Jaktog fiskelaget. Dei eldste ungane får på ein fantastisk måte oppleve fiske i nærmiljøet. Fangst og fiskemat i Pilaviki om våren. Sette garn og hente fangsten om hausten. Fangsten vert samla i kar der ungane får sjå og lære om livet i fjorden av dyktige jakt- og fiskelags karar. Etterpå behandlar dei fangsten og lagar god fiskemat ute. Fiskestenger får dei og. Takk til Jakt- og Fiskelaget!!
Picture
​Samarbeidet med Jakt og fiskelaget inneber og at me får disponere båt til fiske og opplevingar på fjorden. I tillegg kjem det stadig ressurspersonar og delar av sin kunnskap som til dømes fellefangst der barna deltek på heile prosessen frå fella vert sett ut, kunnskap om kvifor og korleis ein flår eit dyr.

Picture

​Kleppaveke og Kleppadagar

​Ei veke i juni og tre-fem dagar om hausten nyttar me hytta til Jakt- og fiskelaget og flyttar heile barnehagen opp på Kleppa. Utforsking, undring og leik i naturen er i fokus. Utflukter til froskedammen, Høgehaug, Frækaland og Rolftreet kan nemnast. 

Pulverheksa

​Pulverheksa har stor plass i barnehagen vår og har i fleire år vore veldig populær blant barna. Det finnest ei rekke bøker om Pulverheksa. I bøkene møter vi Pulverheksa og hennar to beste venner: katten Hokus og kråka Pokus. I tillegg møter vi Politimannen, Tyven, Krokodillen, Suppegjøken og Småtrolla. Handlinga vert ofte sett i gang av eit problem som Pulverheksa hjelper til med å løyse, både gjennom kløkt og magi. Når problemet er løyst, er alle glade, og ting kan gå tilbake til det normale igjen. Bøkene vert avslutta med fest for alle vennene, og at Pulverheksa, Hokus og Pokus kan gå og leggje seg. 
Picture
Pulverheksa dukkar opp når me minst ventar det og gjer dei raraste ting. Ho gjev oss oppdrag, ho lagar mat til oss på Njøs, tryller mjølk til sjokolademjølk og vi skriv brev til ho som ho svarar på. Ho heng alt frå pølser til mango i treet på Njøs. I påsken skjer det ofte eit påskemysterie og når ungane siste året overnattar på Kleppa syner ho seg så vidt og kjem med gåver. Ho er veldig folkesky og held seg på avstand. Det er mykje spenning, opplevingar, glede og læring med å kjenne til Pulverheksa og ungane hugsar ho langt opp i skulealder.

Trafiksikker barnehage

Alle barnehagane i Leikanger skulekrins samarbeider med Trygg Trafikk. Bilbeltedyret Tarkus vert nytta i det pedagogiske arbeidet. Målet er at barnehagen skal vera trafikksikker og skape gode haldningar. Trafikksikker barnehage har fokus på bruk av refleks, bruk av sykkelhjelm, korleis me skal ferdat i trafikken og kva reglar som gjeld kring sikring i bil. Askedalen barnehage er "trafikksikker barnehage" og det forpliktar personalet, foreldre og barn til å gjera enkle og viktige trafikktryggingstiltak som er nedfelt i utdelt brosjyre. Denne vert vedtekte i barnehagen sitt samarbeidsutval - SU.
​På nettsida til Trygg Trafikk og Barnas Trafikklubb kan ein finna nyttig informasjon.
Picture

Lokalhistorie

Picture
Baldersteinen malt av Hans Leganger Reusch (1800–1854). På det nasjonalromantiske bildet er bautasteinen plassert lenger fra kirken enn i virkeligheten.

​​Me nyttar lokalhistorie frå bygda og regionen vår for å byggja identitet og historisk forståing. Å vandre i tid gir kime til abstrakt tankegang, og bruk av fantasi. Harald Hårfagre, som vaks opp på Husabø, er eit velkjent utgangspunkt for den historiske reisa. Barna får kjennskap til livet som har vore, og til forfedrar som har prega historia vår. Interesse og motivasjon styrer innhald og prosess, medverknad frå barna viser veg i dette arbeidet. 

Kulturarbeid i Askedalen Barnehage

  • Kinodag i Sogndal kulturhus med sceneopptreden og film
  • Temadag i barnehagen der barna dramatiserer eigne kulturelle innslag
  • Særleg fokus på samisk kultur
  • Bruke kulturkunnskap vi har tilgang på i barnegruppa
  • ​Eksperimentere og lytte til songar frå andre land med språket som utgangspunkt for kulturell lærdom

Berekraftig utvikling

Barna skal få opplevingar i naturen slik at dei blir glad i den, likar og vera ute og vil ta vare på den
Picture

​Barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig samfunn. Barnehagen skal leggje grunnlag for at barna si evne til å tenkje kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Barna skal få erfaring med å gi omsorg og ta vare på omgivnadene og naturen.
​(Rammeplan 2017)
Tur til Simas
Kvart år reiser "Sjiraffene" på besøk til miljøstasjonen Simas på Kaupanger. Her får dei omvisning på området og lærer om sortering, kvar bosset vert av og kva som skjer med det etterpå.
Naturvakt​
"Revegruppa" er barnehagen sine naturvakter. Naturvakt er eit aktivitetsprogram utvikla av Norsk Friluftsliv der barna mottek oppgåver som må løysast. Gjennom desse oppgåvene lærer barna om allemannsretten og dei får bruke naturen som læringsarea for kunnskap og meistring. Barnehagen ynskjer å skapa haldningar til å ta vare på naturen som vi er ein del av.

Andre samarbeidspartar

​Barnehagen er forplikta til å ha eit nært samarbeid med andre instansar som arbeider med barn. Dette gjeld spesielt PPT, skulen, helsestasjonen og barnevernet. Her i barnehagen har me ressursteam der me kan drøfte generelle problemstillingar eller spesielle enkeltsaker med samtykkje frå foreldre eller evt. anonymt med desse. Alle som arbeider i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet. Dette betyr at me er forplikta til å melde frå viss me er bekymra for eit barn. Dette skjer så langt det er mogeleg i samarbeid med barnet sin heim. Frå 2021 har me hatt faste møte med PPT og helsejukepleiar i barnehagen kvar månad. Saman er me eit fagteam som skal styrke barnehagen som system. Målet er at me skal nytte tverrfagleg fagkompetanse på ein betre måte slik at barna får tidlig, god og nødvendig hjelp. Me har vidare eit tett samarbeid med skulen for å sikre barna god overgang og skulestart. Det er eigne planar for dette samarbeidet og startar i september siste året dei har i barnehagen .
Avdeling Oppe: 57 65 44 12
Avdeling Nede: 57 65 44 13
Styrar: Hilde: 90 95 67 20
E-post: 
post@askedalenbarnehage.no ​
Nettsida er produsert av Eik Solutions AS
-de beste løsningene for kvalitetskontroll
  • Heim
  • Om oss
  • Tema og samarbeid
  • Tilsette
  • Kontakt oss
  • Meir
    • Robuste barn og unge
    • Rammeplan for barnehagar
    • Barnehageloven
    • eBarnehage