Askedalen Barnehage AS
  • Heim
  • Om oss
  • Tema og samarbeid
  • Tilsette
  • Kontakt oss
  • Meir
    • Robuste barn og unge
    • Rammeplan for barnehagar
    • Barnehageloven
    • eBarnehage
Velkommen til Askedalen Barnehage!

Trivsel for liten
​og trivsel for stor

Søk plass!

Nærmiljø-barnehagen på Leikanger!

Picture
​Askedalen barnehage ligg i sentrum mellom Fylkeshuset, Statens Vegvesen og Statens Hus. Med fjord og strand, store naturområde, arbeidsplassar, bibliotek, butikkar, fleirbrukshall og med kort avstand til både skule og sjukeheim har vi mange alternativ å velja mellom.

Vårt overordna mål er å skape eit miljø for alle, prega av tryggleik, trivsel, glede og humor. Eit miljø som syner fleksibilitet der vi saman ser og skapar mogelegheiter, eit miljø til barnets beste. Ein grunntanke om at det me vil - det får me til.
Vedtekter

Teikn på ein god barnehage


Ungane trivst i barnehagen
Lite stress i kvardagen
Foreldrene er nøgde
Glade og avslappa ungar
Naturleg veremåte
Tek ting opp etterkvart som dei oppstår
Ser moglegheiter
​Smil og latter
Picture

Me er oppteken av at barna skal få mange, gode og varierte opplevingar i og utanfor barnehage. Det er progresjon i innhald og omfang ut frå barna sin alder og modning. 
Les meir om oss!

Betre tverrfagleg innsats (BTI)

​I Sogndal kommune skal det vera stort fokus på barn og unge sin trivsel. Kommunen skal vere ein trygg stad å veksa opp i, men stundom kan ein likevel oppleva utfordringar og vanskar. Då er det ekstra viktig å bli sett og høyrt av trygge vaksne som kan hjelpa.
 
Sogndal kommune har frå hausten 2020 teke i bruk Betre tverrfagleg innsats (BTI) som den samhandlingsmodellen skulane og barnehagane skal bruka i arbeidet med barn og unge.
 
Er du bekymra for eit barn, eller er du eit barn eller ein ungdom som har lyst til å snakke med nokon? Det er då viktig å vite korleis ein skal gå fram for å oppsøke hjelp, enten du er barn, ungdom, vaksen eller tilsett. 
 
Lenkja under viser deg korleis du kan gå fram
BTI-rettleiar
Veit du kva det vil seie å "duggle" noko?
Les meir om "duggling" og andre ting som er viktige for oss på sida 
tema og samarbeid
Avdeling Oppe: 57 65 44 12
Avdeling Nede: 57 65 44 13
Styrar: Hilde: 90 95 67 20
E-post: 
post@askedalenbarnehage.no ​
Nettsida er produsert av Eik Solutions AS
-de beste løsningene for kvalitetskontroll
  • Heim
  • Om oss
  • Tema og samarbeid
  • Tilsette
  • Kontakt oss
  • Meir
    • Robuste barn og unge
    • Rammeplan for barnehagar
    • Barnehageloven
    • eBarnehage