Askedalen Barnehage AS
  • Heim
  • Om oss
  • Tema og samarbeid
  • Tilsette
  • Kontakt oss
  • Meir
    • Robuste barn og unge
    • Rammeplan for barnehagar
    • Barnehageloven
    • eBarnehage

Om oss

Askedalen barnehage AS er privat og vart opna i november 2008 av Edith Valeberg Eggum, Inger-Lise Knudsen og Hilde Valvik Menes. Tidlegare Hovland bakeri vart lagt ut for sal vinteren 2008. Me såg at bygget hadde store potensial og tenkte på ulike aktivitetar det var rom for ved å drive barnehage i sentrum. På den tida jobba me alle tre i same barnehage. Me hadde eit stort ynskje om å fortsetta på eiga hand og drive det me meiner er ein god barnehage. Me starta aksjeselskap, kjøpte huset og prosessen var i gang. Dette ble den fyste private barnehagen i Leikanger kommune.
Picture
Picture
Picture
​Barnehagen opna i november 2008 med ei godkjenning for 20 barn i alderen 0-5 år på ei eining. Huset vart bygd i 1971. Hausten 2008 rusta vi opp andre etasje og har fått eit lyst og triveleg miljø. Hausten 2009 starta me ei ny eining i første etasje. Me har store, spanande rom og godt inneklima. Askedalen barnehage har to einingar. Me gjev tilbod til barn i alderen 1-6 år. Totalt er barnehagen godkjend for 42 barn som i år utgjer om lag 56 plassar kvar dag. Me har eit variert uteområde med moglegheiter for allsidige aktivitetar. Barnehagen har eigen parkeringsplass. 
Picture
​Askedalen barnehage føl sentrale norm for areal og bemanning. Barnehagen og kommunen har samarbeidsavtale og deltar i kompetansearbeid saman med alle barnehagane i Sogndal.
Årsplan
Vedtekter
Picture

Pulverheksa har stor plass i barnehagen vår og har i fleire år vore veldig populær blant barna. "Pulverheksa dukkar opp når vi minst ventar det og gjer dei raraste ting. Ho gjev oss oppdrag, ho lagar mat til oss på Njøs, tryller mjølk til sjokolademjølk og vi skriv brev til ho som ho svarar på. Ho heng alt frå pølser til mango i treet på Njøs".
Les meir om dette og andre temaer og samarbeidsprosjekt!
Temaer og samarbeidsprosjekt

​Tilvenjing og oppstart

​Det viktigaste me arbeider med, er å gjere barna trygge og kjende i barnehagen. Barnehagen er som regel barnet sitt første store møte med andre vaksne og ikkje minst andre barn. Barnehagen er også den første utdanningsinstitusjonen barnet blir kjend med. I Askedalen barnehage er me oppteken av at dette møtet skal bli positivt og naturleg.
Picture
​Me vil jobba intensivt og målretta for at barna skal trivast og kjenne at dei høyrer til her. For å gjere tilvenninga lettare får barna ein vaksen til primærkontakt. Primærkontakten skal sjå til at de får den hjelp og støtte de treng for at oppstart blir ei god og positiv oppleving. Det er viktig at me brukar god tid der barnet først møter same vaksen, for deretter å utvide tilknyting til resten av personalet på avdelinga og dei andre barna. Det er stor skilnad på korleis barn reagerer på møtet med barnehagen. I samarbeid med foreldre tilpassar me tilvenninga etter barnets behov, og til barnets beste. I løpet av den første tida i barnehagen skal foreldre få tilbod om ein samtale. Her er barnets trivsel og behov i fokus. I tillegg skal foreldre møte til startsamtale med styrar. Her legg me grunnlaget for eit langt og viktig samarbeid, me utvekslar informasjon og delar forventningar til kvarandre.

Nærmiljø og samfunn:

Noko av det me gjer utanfor porten i Askedalen Barnehage!
GYM I LEIKANGERHALLEN (”SAFTEN”)
På onsdagar nyttar vi hallen til gym. I utgangspunktet skal alle på gym, men nokre gonger har grupper andre prosjekt. På gymmen brukar me å variere mellom barneinitierte aktivitetar og vaksenstyrt regelleik og ballspel.

BIBLIOTEK
I samband med gym på onsdagar vil me nytte biblioteket til boklån og her har vi og moglegheit til å eta lunsj. Frå hausten 2017 fekk barnehagen fri tilgang til å bruke biblioteket etter eige behov uavhengig av opningstid. Bøker er viktig i arbeid med språkstimulering og har stor plass hjå oss. Gjennom nettverket -Kommunikasjon, språk og tekst har me lært ”Dialogisk lesing” som er blitt en del av innhaldet i kvardagen.

NATURLEIKEPLASSEN PÅ NJØS
​Me er så heldige å få nytte det flotte naturområdet på Njøs. Der har me fritt spelerom og brukar mykje av utetida vår. På området utviklar vi stadig vår eigen naturleikeplass og ungane deltek i prosessen. Turen opp er ca. 10 min å gå og vi treng ikkje ut i hovudvegen. Me nyttar uteplassen til å sjå endringar som skjer i naturen gjennom dei ulike årstidene. Til no har barn og vaksne laga utedo (bio-do) med vegg, gapahuk, bålplass og hytte. Me har sklie der og bålpanne til matlaging og elles mange natureikeapparat som dannar ei hinderløype. Rundt omkring har me flotte figurar frå "Dyrene i Hakkebakkeskogen" som gir inspirasjon til spanande leik og song.
FELLES SAMLING
Fleire gonger i månaden har me songsamling i barnehagen. I samlingane nyttar me gitar og gjerne andre instrument. Me syng songar som er knytt til tema men og songar som ungane har ynskje om å lære. Av og til opptrer ungane med song ilag eller åleine. Me har felles samlingar på heile huset. Der varierer me mellom eventyr, dramatisering og historieforteljing, og song er naturleg og viktig del av formidlinga og opplevinga.


​SENTRUM
​Når me har ulike ærend i sentrum er ungane med. På butikkar, verksemder og ulike kontorbygg vil bygda sjå delaktige ungar. Me ynskjer å involvera oss i det daglege miljøet i sentrum, lære dei korleis samfunnet fungerer og me tykkjer det er viktig at ungane får varierte opplevingar som gjenspeglar storsamfunnet rundt oss.

TURAR
​Me har eit godt utgangspunkt for allsidige turar. Ofte ser ein grupper av ungar frå Askedalen som går rundt omkring med gule refleksvestar. Det er viktig både for kropp og sjel å bevege seg utanfor barnehagen sitt område. …og så er det godt å koma ”heim”.

Opplevingar i nærmiljøet gjev barna forståing for korleis samfunnet fungerer, og ei stadfesting av at dei er del av dette. 
​
Avdeling Oppe: 57 65 44 12
Avdeling Nede: 57 65 44 13
Styrar: Hilde: 90 95 67 20
E-post: 
post@askedalenbarnehage.no ​
Nettsida er produsert av Eik Solutions AS
-de beste løsningene for kvalitetskontroll
  • Heim
  • Om oss
  • Tema og samarbeid
  • Tilsette
  • Kontakt oss
  • Meir
    • Robuste barn og unge
    • Rammeplan for barnehagar
    • Barnehageloven
    • eBarnehage